Solund sokn > Artikler > Nyheter

Nye gravplassvedtekter i Solund kommune

29.10.2019

Det er vedteke nye gravplassvedtekter (forskrift) som trer i kraft frå og med 1.11.2019. Vedtektene er utarbeida og vedtekne av Solund sokneråd, og godkjende av Bjørgvin bispedømeråd.

Du kan lese gravplassvedtektene her, eller henvende deg til kyrkjeverja for å få eit hefte. I vedtektene finn du mellom anna nyttig informasjon om graver, gravminner og plantefelt, gravstell og festeavtaler.

Gravplassane i kommunen er livssynsnøytrale og forvaltast av Solund sokn på vegne av kommunen.